Eit landsdekkande
kontaktnett av og for
nynorskbedrifter
Aktuelle saker
Det blir årsmøte i Nynorsk bedriftsforum tysdag 30. april kl. 14.00. Årsmøtet blir halde digitalt.
Spynorsk. The musical er ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys. Kanskje møtest vi før premieren den 13. april?
15. november 2023 er det eitt år sidan Nynorsk bedriftsforum vart stifta. I dag er 40 små og store bedrifter medlemmar hos oss. Vi gler oss over utviklinga og håpar på mange nye medlemmar i året som kjem!
I september sa Sosialistisk Venstreparti at dei ønskte «å sikre at Nynorsk bedriftsforum får støtte gjennom statsbudsjettet». Men då SV la fram sitt alternative statsbudsjett torsdag denne veka, var det eit budsjett utan løyvingar til Nynorsk bedriftsforum.
Formålet vårt
Vi skal fremje interessene til nynorskbedriftene og tale deira sak i språkpolitiske spørsmål.
Vi skal vere eit nettverk for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.
Vi skal profilere nynorskbedrifter og bedrifter som tilbyr produkt og tenester på nynorsk.
Medlemskap
i Nynorsk bedriftsforum
-
Bedrifter som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium, kan få medlemskap i Nynorsk bedriftsforum:
Marknadsføring, heimesider og anna profilering på norsk er i hovudsak på nynorsk.
Intern og ekstern kommunikasjon på norsk er i hovudsak på nynorsk.
Registrert i offentlege register med nynorsk som språk.
Leverer likeverdige nynorskversjonar av produkt og tenester.
Har ei målsetting om å auke nynorskbruken.
-
Kontingent for 2024
0–1 tilsette: 1 000 kr
2–4 tilsette: 2 000 kr
5–9 tilsette: 3 000 kr
10–19 tilsette: 3 500 kr
20–49 tilsette: 4 000 kr
50–99 tilsette: 5 000 kr
100–249 tilsette: 5 000 kr
250+ tilsette: 5 000 kr
Gåvemedlemskap* 1. året: 1 000 kr
*Eit tilbod til mållag og andre som vil gje eitt års medlemskap i gåve i samband med utdelinga av prisar og utmerkingar til nynorskbedrifter.
-
Sjølv om nynorsk er eit språk som i seg sjølv er godt eigna som bedriftsspråk, er det i dag dessverre ikkje like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift i Noreg.
Som nynorskbedrift er ein ofte i mindretal, både innanfor sin bransje og sitt geografiske område. Derfor samlar vi no nynorskbedriftene til eit nyttig og solid kontaktnett.
🔷 Synest du det bør vere like enkelt og sjølvsagt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift?
🔷 Vil du dele erfaringar, lære av andre og bygge nettverk med nynorskbedrifter i heile landet?
🔷 Saknar du eit felles talerør som kan tale nynorskbedriftene si sak overfor leverandørar og styresmakter?
🔷 Tilbyr bedrifta di produkt eller tenester som gjer kvardagen enklare for nynorskbedrifter og nynorskbrukarar?
Då bør du melde bedrifta di inn i Nynorsk bedriftsforum.
Alle medlemsbedriftene får tilbod om å presentere seg på nettsidene med tekst, bilde og linkar til eiga nettside, produktsider eller andre aktuelle ressursar. Les meir her.
-
-
Vi vil gjerne at du registrerer bedrifta di med rett næringsgruppe, då dette etterkvart kan vere nyttig for medlemsstatistikken vår.
Vi brukar dei same næringsgruppene som SSB brukar i sine statistikkar.
Last ned informasjonsark (PDF)
Vi presenterer alle medlemsbedriftene våre på nettsida med namn, logo og link til bedrifta si eiga nettside. Men visste du at du også kan sende oss din eigen presentasjonstekst og endå fleire bilde? Slik gjer du det: