Totaltekst AS

Tekst: Totaltekst AS

Totaltekst er eit komplett tekstbyrå som tilbyr språkvask, korrektur og andre språktenester av høg kvalitet. Hos oss jobbar nokre av dei mest erfarne språkkonsulentane i Noreg. I tillegg tilbyr vi Nynorskoversetteren – eit digitalt verktøy som omset bokmålstekst til nynorsk på eit blunk.  


Språkvask og korrektur får teksten til å skine

Språket er glaset og ramma kundane eller brukarane ser deg gjennom. Det blir særleg tydeleg om målgruppa er av det språkmedvitne slaget, og dess viktigare blir det å passe på at innramminga er tiltalande. 

Totaltekst hjelper ei rekkje ulike verksemder med nettopp dette – vi tilbyr språkvask og korrektur av alt frå utgreiingar og årsrapportar til nettartiklar og utstillingstekst. Alle endringar blir spora, slik at kunden har full kontroll over kva som blir gjort.  

I ein korrektur rettar vi skrivefeil, teiknsetjingsfeil og konsekvensfeil. Teksten blir formelt korrekt, utan større endringar i setningskonstruksjonar og formuleringar. I ein språkvask gjer vi ein meir omfattande gjennomgang av teksten. Då ser vi på setningsoppbygging, grammatiske feil, uheldige ordval og teksten som heilskap. Teksten blir lesarvennleg og fri for uklare formuleringar, og han formidlar bodskapen på ein profesjonell og stilsikker måte.  

Same kva slags oppdrag vi får, utfører vi tenestene i tråd med kva kunden måtte ønskje. Dei røynde språkkonsulentane våre har lang erfaring med å tilpasse formval og stilnivå etter ulike omsyn og føringar. 

Omsetjing til og frå dei fleste språk 

Totaltekst har eit stort nettverk av fagomsetjarar og statsautoriserte translatørar. Dei som omset for oss, omset berre til sitt eige morsmål, og alt går gjennom kvalitetssikringssystemet vårt. Dermed kan kunden vere trygg på at omsetjinga blir presis og god uansett om teksten skal omsetjast til svensk, samisk eller swahili. 

I tillegg – eller kanskje først og fremst – omset vi mykje frå bokmål til nynorsk. Totaltekst er det største profesjonelle fagmiljøet av fast tilsette nynorskkonsulentar i landet, og vi har lang erfaring med å omsetje til dømes læreplanar, lærebøker, eksamensoppgåver, lovproposisjonar og forskingsrapportar til nynorsk. Hos oss er språket i trygge hender. 

Nynorskoversetteren – frå bokmål til nynorsk på eit blunk 

Same kor sterkt ein ønskjer å tilby malar, skjema og andre dokument på nynorsk, kan det vere vanskeleg å halde tritt med alt som i utgangspunktet berre er laga til på bokmål. Heldigvis finst det effektive hjelpemiddel. Med Nynorskoversetteren kan alt frå korte meldingar til milelange utgreiingar omsetjast til nynorsk med eit tastetrykk. 

Nynorskoversetteren kan brukast direkte både i nettlesaren og i Word, og han kan omsetje heile dokument i ei rekkje ulike format. Word-dokument, rekneark, presentasjonar, undertekstar – det meste kan omsetjast med Nynorskoversetteren.  

Nynorskoversetteren er eit regelbasert verktøy, ikkje eit KI-verktøy. Typiske KI-feil som inkonsekvente formval eller reine hallusinasjonar er såleis ikkje noka aktuell problemstilling. Snarare tvert om: Nynorskoversetteren omset føreseieleg og konsekvent i tråd med dei innstillingane brukaren vel – anten det er ein av dei førehandsdefinerte formvalsmalane, eller det er eigendefinerte formval. 

Språkkonsulentar som Språkrådet går god for 

Fleire av språkkonsulentane våre har greidd Språkrådet sine kompetanseprøver i bokmål og nynorsk – sjølve gullstandarden for norske språkkonsulentar. Dette er svært krevjande prøver, og meir enn 80 prosent av kandidatane stryk. Språkrådet skriv dette om dei som greier nynorskprøva:

Dei konsulentane som greier prøva, er svært gode korrekturlesarar, språkvaskarar og omsetjarar frå bokmål til nynorsk som Språkrådet kan gå god for.  

Sidan 2022 har Språkrådet hatt rammeavtale med Totaltekst om språkvask og korrektur på bokmål og nynorsk. Det vil seie at når Språkrådet ikkje har kapasitet til å gjere språkvask eller korrektur internt, overlèt dei jobben til oss. Det er vi naturlegvis svært stolte over.  

Andre språktenester  

I tillegg til språkvask, korrektur og omsetjing tilbyr vi eit breitt utval språktenester, slik som teksting av videoar, transkripsjon av lydopptak, tekstproduksjon og klarspråkskurs. Vi kan også hjelpe til med å utarbeide språkprofilar og formvalsmalar.  

Nettside: www.totaltekst.no


Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Forrige
Forrige

Tegneren AS

Neste
Neste

Tussa