Om Nynorsk bedriftsforum

Nynorsk bedriftsforum er eit landsdekkande nettverk av og for bedrifter som vel nynorsk. Vi arbeider for at det skal vere like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift.

Sjå filmen og bli betre kjend med Nynorsk bedriftsforum

Kvifor finst Nynorsk bedriftsforum?

Nynorsk er ein viktig del av identiteten til mange verksemder. Samstundes møter fleire verksemder på unødvendige utfordringar når dei vel nynorsk i kommunikasjon, marknadsføring og digitale løysingar.

Nynorsk bedriftsforum samlar bedrifter, organisasjonar og andre aktørar som ønsker å styrke nynorsken si stilling i næringslivet.

Som medlem får du eit fagleg nettverk i ryggen og nokon som følgjer opp sakene dine. Organisasjonen er i dag landets einaste talerøyr for nynorsk næringsliv.

Bli medlem

Medlemsbedrifter landet rundt

Vi samlar nynorskbedrifter på tvers av bransjar, storleik og geografi og arbeider målretta for å betre dei språklege arbeidsvilkåra i næringslivet.

Medlemsliste

Kva arbeider vi med?

Nynorsk bedriftsforum arbeider for å styrke nynorsken si stilling i næringslivet og skape gode vilkår for bedrifter som vel nynorsk. Dette gjer vi ved å:

  • fremje interessene til nynorskbedriftene

  • vere ein møteplass for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling

  • synleggjere nynorskbedrifter og verksemder som tilbyr produkt og tenester på nynorsk

  • løfte fram nynorsk som ein ressurs for identitet, omdømme og verdiskaping

  • tale nynorskbedriftene si sak i målpolitiske spørsmål

Organisasjon

Nynorsk bedriftsforum er ein sjølveigande medlemsorganisasjon med medlemskontingent.

Alle medlemsbedrifter har rett til å delta på årsmøte, har stemmerett og er valføre til tillitsverv i foreininga. Årsmøtet er foreininga si høgste myndigheit.

Les meir om medlemskap

Vil du vere med?

Nynorsk bedriftsforum er ope for verksemder som brukar nynorsk eller som har eit ønske om å styrke nynorskbruken sin.

Stiftarane

Nynorsk bedriftsforum blei stifta 15. november 2022 av: Akka AS, LNK, MAFOSS, Noregs Mållag, Nynodata AS og Ulstein Group