Personvern

1. Generell informasjon

Eigarar av denne nettsida er: Nynorsk bedriftsforum, Stålhaugen 7, 6065 Ulsteinvik. Tlf.: 416 32 439 / E-post: post@nynorskbedriftene.no / Org. nr.: NO 930 375 357

Personvernet ditt er viktig for oss. Vi behandlar personopplysningane du gir til Nynorsk bedriftsforum på ein trygg og respektfull måte, og vi vil aldri selje eller gi e-postlister vidare til andre. Med personopplysningar meiner vi opplysningar som kan knytast til deg som enkeltperson.

2. Kvifor samlar vi inn personopplysningar?

Vi samlar berre inn dei opplysningane som er heilt nødvendige for å oppfylle føremålet. Dette er som oftast namn og kontaktinformasjon (telefonnummer og e-postadresse).

3. Korleis behandlar vi opplysningane og lagringstid?

Vi behandlar opplysningane dine konfidensielt og deler dei ikkje med tredjepartar, med mindre det er avtalt med deg eller lovpålagt.

Opplysningane blir ikkje lagra lenger enn det som er nødvendig for føremålet:

  • Medlemmer: Opplysningar blir lagra under medlemskapen og sletta seinast 12 månader etter avslutta medlemskap (unntatt lovpålagt lagring etter rekneskapslova).

  • Abonnentar: Opplysningar blir sletta i det du melder deg av.

  • Førespurnader: Opplysningar blir sletta når førespurnaden er ferdig behandla, vanlegvis innan 6 månader.

4. Kontaktskjema

Om du brukar kontaktskjema, lagrar vi informasjonen for å kunne svare på meldinga di. Obligatoriske felt er merka med stjerne (*) eller (required/obligatorisk). Du kan velje å sende ein e-post til post@nynorskbedriftene.no i staden for å bruke skjemaet.

5. Informasjonskapslar (Cookies)

Denne nettsida brukar Squarespace sine informasjonskapslar. Vi brukar desse kapslane til å sikre grunnleggande funksjonalitet og for å samle inn statistikk (trafikkmåling). Innsamling av statistikk skjer berre dersom du har gitt aktivt samtykke via samtykkeløysinga på sida.

6. Rettane dine

Du har rett til innsyn i, retting av, og sletting av personopplysningane vi har lagra om deg. Du har òg rett til dataportabilitet (å få utlevert opplysningane dine i eit digitalt format for å ta dei med deg) og til å krevje avgrensa behandling (å krevje at vi "frys" bruken av opplysningane i visse tilfelle).

7. Ansvarleg databehandlar

Dagleg leiar, Monika Haanes Waagan, er ansvarleg for behandling av personopplysningar i Nynorsk bedriftsforum.

Kontaktinformasjon: monika@nynorskbedriftene.no / 416 32 439.