Bli medlem i Nynorsk bedriftsforum

Fyll ut skjemaet under for å melde inn bedrifta.

Kvifor bli medlem?

Eit nettverk å høyre til

Vi skal vere eit nettverk for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling. Du kan alltid kontakte oss, anten du sit på kunnskap eller erfaringar du vil dele, eller du treng innspel og hjelp for å løyse ei konkret utfordring. Vår erfaring er at mange nynorskbedrifter har dei same språkrelaterte utfordringane, uavhengig av bransje, storleik og geografi.

Hjelp til å nå fram

Nynorsk bedriftsforum skal fremje interessene til nynorskbedriftene og tale vår sak, anten det gjeld språkpolitiske spørsmål, brot på språklova, manglande nynorsk i programvare eller andre saker vi bør sjå nærare på.
Vi jobbar målretta opp mot styresmakter, næringslivsnettverk og leverandørar, og vi har eit tett samarbeid med resten av målrørsla. Du kan enkelt melde inn saker via nettsida vår. Vi les alt og følgjer opp det som er relevant.

Kurs: Nynorsk for bedrifter

Som medlemsbedrift får dine tilsette 50 % rabatt på kurset Nynorsk for bedrifter. Neste kull er planlagt med oppstart hausten 2026. På fem nettøkter får deltakarane lære korleis ein kan bli tryggare på nynorsk og gjere nynorsk til ein naturleg og tydeleg del av bedriftsprofilen. Les meir

Marknadsføring

Alle medlemsbedrifter kan marknadsføre seg på nettsida vår med logo, tekst, bilde, video og lenker til eiga, valfri nettside.

Vil du presentere bedrifta di for dei andre medlemsbedriftene i eit digitalt møte? Vi hjelper deg med invitasjonar og tilrettelegging.

Digitale og fysiske seminar

På arrangement-sida finn du informasjon om komande hendingar. Som medlem får du alltid rabatt eller gratis inngang, der vi står som arrangør. Har du ein idé til eit nyttig arrangement, anten digitalt eller i ditt lokalmiljø? Spør oss om å vere med som medarrangør. Komande arrangement


Medlemsfordelar

KURS:
Nynorsk for bedrifter

50 % rabatt på nynorskkurs for bedrifter.

Kursperiode: Hausten 2026, 5 digitale samlingar

Kurshaldar: Jostein Avdem Fretland.

Gå til info og påmelding


30 % rabatt på utvalde produkt frå Nynodata AS:


Rabattar frå Totaltekst AS:

10 % rabatt på korrektur og språkvask

10 % rabatt på oversetting, transkripsjon, teksting og klarspråksarbeid.

35% rabatt på Nynorskoversetteren (for Word og Chrome/Edge)

Les meir


Vil bedrifta di tilby rabattar eller fordelar til andre medlemsbedrifter? Send oss ein e-post

Ofte stilte spørsmål: