Kjernekaren
Kjernekaren – Are Halland
Kjernekaren er Are Gjertin Urkegjerde Halland, opphavsmann til kjernemodellen og forfattar av boka med same namn. Han har 30 års erfaring med digital strategi, design, innhald og brukarinnsikt. Dei siste åra har han brukt 2000 timar med kunstig intelligens
Are hjelper verksemder som har mykje kunnskap, mange omsyn og litt for mange lause trådar. Det kan vere ei nettside som ikkje løyser dei viktigaste brukaroppgåvene, eit team som treng felles retning, ein vanskeleg prosess som må forenklast, eller KI-bruk som har vakse fram utan system og kvalitetskrav.
Tenestene spenner frå coaching, kurs og foredrag til kjerneverkstader, brukarinnsikt, ekspertevaluering, strategisk innhaldsarbeid og kontekstarkitektur for KI. Fellesnemnaren er enkel: forstå kva folk faktisk skal få gjort, prioritere det viktigaste og byggje ein arbeidsmåte som verksemda kan eige sjølv.
Kjernekaren skriv og arbeider på nynorsk, og er medlem i Nynorsk bedriftsforum. Medlemer i Nynorsk bedriftsforum får 10 prosent rabatt på alle tenester frå Kjernekaren.
Nettsider: