Tilbake til alle arrangementer

Kurs: Nynorsk for bedrifter

Kurs: Nynorsk for bedrifter

På fem nettøkter får du det du treng for å bli tryggare på nynorsk og gjere nynorsk til ein naturleg og tydeleg del av bedriftsprofilen.

Du får ein gjennomgang av alt frå rettskriving og bruk av dialektelement til bruk av kunstig intelligens i skrivearbeidet. Du får også nyttige tips for korleis du kan skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium.


Påmeldingsfrist: 2. februar

Kursperiode:
17. februar–17. mars 2026
5 digitale samlingar
Tidsrom: 09:00–10:30

Kurshaldar:
Jostein Avdem Fretland

Arrangør:
Nynorsk bedriftsforum

Prisar:
Medlemmar: 1 500 kr per deltakar
Andre: 3 000 kr per deltakar


Meld deg på kurset
Nynorsk for bedrifter

 

Ikkje medlem?
Meld inn bedrifta di no.

 

Kursinnhald og gjennomføring:

Vi går mellom anna gjennom rettskriving, bruk av dialektelement og digitale hjelpemiddel – inkludert KI – og gir nyttige tips for å skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium.

Med små grupper på 8–12 deltakarar, korte oppgåver mellom øktene og konkret tilbakemelding får du raskt omsett læringa til eigen kvardag. Målet er at du skal bli trygg på språket ditt, og at bedrifta di får eit felles og godt språk, som både passar med forretningsmåla dykkar og er til glede for dei som les.

Temaoversikt

Samling 1: Nynorsk i næringslivet

Samling 2: Rettskriving på 1-2-3

Samling 3: Fantastiske digitale hjelpemiddel!

Samling 4: Nynorsk og daglegspråket

Samling 5: Nå fram med språket

Datoar

Tysdag 17. februar 2026

Tysdag 24. februar 2026

Tysdag 3. mars 2026

Tysdag 10. mars 2026

Tysdag 17. mars 2026

Påmeldingsfrist: 2. februar


Jostein Avdem Fretland om kurset (video):


Om kurshaldaren:
Jostein Avdem Fretland har halde nynorskkurs for tilsette i kommunar og fylkeskommunar i ei årrekke. I kurset Nynorsk for bedrifter har han tilpassa innhaldet til den språklege arbeidskvardagen i næringslivet. Kurset dekker alt frå rettskriving til bruk av kunstig intelligens og inneheld mange gode tips for å skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium.

Foto: Fretland & Fretland


Har du spørsmål til kurset? Kontakt oss på post@nynorskbedriftene.no eller 41 63 24 39

 
Forrige
Forrige
18. november

Språk til lunsj på Bryne