Tilbake til alle arrangementer

Språk til lunsj på Bryne

  • Kulturbanken, Bryne 3 Meierigata Bryne, Rogaland, 4340 Norway (kart)

SEMINAR

Språk til lunsj

Bli med på «Språk til lunsj» og lær korleis du kan bruke klart språk og medvitne språkval for å skjerpe bedrifta si merkevare og nå målgruppa di klart og tydeleg. Vi startar med å avdekke språket si kraft gjennom ein inspirerande samtale, der lokale bedriftsleiarar deler korleis ein kan lykkast med nynorsk i strategisk merkevarebygging. Etterpå inntar Linda Eide scenen og gjev deg ei heidundrande, lærerik og morosam innføring i klarspråk og kvifor det er så viktig.

Foto: www.lindaeide.no

Frå venstre: Martha Lyngnes, Randi Skårland Doka og Monika Haanes Waagan. Foto: Lukas Strociak / Jerseymeieriet / Kristianne Marøy

Seminarprogram:

Del 1: Paneldebatt om krafta i språket og strategiske språkval
Martha Lyngnes frå Grensesnitt og Randi Skårland Doka frå Jerseymeieriet i samtale med Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum.

Del 2: Foredrag – «Klinkande uklart» med Linda Eide
Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?

Dette er eit underhaldande foredrag med ein alvorleg undertone. Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig! Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati? 

Her må det språkvaskast i kontor og korridor! Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.

Servering:

Vi serverer kaffi/te og enkel lunsj.


Prisar:

Kr 250,- (inkl. servering)

Gratis inngang for Nynorsk bedriftsforum sine medlemmar.
Ikkje medlem? Sjekk haustkampanjen vår i Rogaland!


Tid og stad:
Tysdag 18. november 2025
kl. 12:00–13.30
Kulturbanken, Bryne

Arrangør: Nynorsk bedriftsforum i samarbeid med Bryne Næringsforening, Nynorskstafetten, Jæren Mållag og Rogaland Mållag.

Praktisk informasjon: Arrangementet er ope for alle språkinteresserte og er særleg aktuelt for dei som jobbar med kommunikasjon og marknadsføring.

Påmeldingsfrist: 17. november 2025


Billettar i døra


Hei, Rogaland!

*

Hei, Rogaland! *

Bli medlem i
Nynorsk bedriftsforum
til halv pris i haust!


Tilbodet gjeld nynorskbedrifter i
Rogaland og inkluderer:

  • 50 % rabatt på medlemsavgifta

  • medlemskap for resten av 2025 pluss heile 2026

  • tilgang til eit landsdekkande nettverk av stolte nynorskbedrifter, gode tilbod på
    nyttige kurs og seminar, rådgjeving og støtte

  • Gratis inngang til Nynorsk bedriftsforum sine arrangement i Rogaland i november

    Sjå kampanjeprisar og meld deg inn her 


Forrige
Forrige
3. november

Språk til lunsj i Suldal

Neste
Neste
17. februar

Kurs: Nynorsk for bedrifter