Årsmøtet er foreininga si høgste myndigheit. Alle medlemmane i Nynorsk bedriftsforum har rett til å delta på årsmøtet, har stemmerett og er valføre til tillitsverv i foreininga. Kvar medlemsbedrift har ei stemme.
Denne innkallinga vart send som Teams-møteinvitasjon 19. mars 2026 til alle medlemsbedriftene v/oppgitt kontaktperson.
Møtedato: 28. april 2026 Tid: 14.00 Stad: Teams
Fristar: Framlegg som skal handsamast på årsmøtet skal vere sende til styret på post@nynorskbedriftene.no seinast to veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste og alle relevante saksdokument blir gjort tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet.