Det nyttar å spørje. No finst denne KI-ordlista på nynorsk

Då Nynorsk bedriftsforum las Teknologirådet si nye ordliste for kunstig intelligens, etterlyste vi ei nynorsk utgåve av ordlista. Reaksjonen kom raskt. Etter få dagar kunne Teknologirådet opplyse at ordlista no også er publisert på nynorsk.

Rådet forklarer at ordlista har utvikla seg frå å vere eit blogginnlegg til å bli eit meir gjennomarbeidd produkt, og at nynorskutgåva er ein del av dette arbeidet.

Samtidig inviterer dei til innspel til vidare utvikling av ordlista.

For oss er dette ei gledeleg nyheit. Kunstig intelligens er eit område i rask utvikling, og nye faguttrykk blir utvikla og tekne i bruk i same tempo.

Då er det viktig at norske termar blir utvikla samtidig, helst før dei engelske får feste seg for hardt i dagleg bruk. Vi er glade for at Teknologirådet deler KI-ordlista med språkbrukarane, og at både bokmål og nynorsk er med.

Denne saka er elles døme på at nynorskversjonar ofte ikkje vert utvikla før nokon tek det opp. Mange verksemder med plikter etter språklova ønskjer å gjere ting rett, men nynorsk blir ikkje alltid prioritert utan at nokon minner om det. Denne gongen kom reaksjonen uvanleg raskt.

Vi vil gjerne gi ros til Teknologirådet for den positive responsen og for arbeidet med å utvikle norsk terminologi på eit område som er i rask endring.




Nynorsk bedriftsforum gir to tomlar opp for Teknologirådet sine KI-ordlister på nynorsk og bokmål. (Foto: Nynorsk bedriftsforum / Skjermdump: teknologirådet.no)

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Neste
Neste

Skal Google avgjere språkvala til norske bedrifter?