Krev like vilkår for nynorsk og bokmål i regjeringa si nye KI-satsing
Foto: Nynorsk bedriftsforum
Nynorsk bedriftsforum reagerer på at den nye nasjonale satsinga KI Norge berre er tilgjengeleg på bokmål ved lansering.
KI Norge, som vart lansert 12. juni 2026 under Digitaliseringsdirektoratet, skal hjelpe norske verksemder med å ta i bruk kunstig intelligens på ein trygg og verdiskapande måte. Ambisjonen er eit tilbod «for norske virksomheter, på norske premisser».
– Skal satsinga treffe heile breidda i norsk næringsliv, må nynorsk vere med frå starten, seier dagleg leiar Monika Haanes Waagan i Nynorsk bedriftsforum.
Manglar nynorsk i tilbodet
Organisasjonen peikar på at innhaldet på ki.norge.no så langt berre er publisert på bokmål, utan innhald på nynorsk.
– Ei nasjonal satsing på kunstig intelligens kan ikkje gå utanom språket. Når nynorsk manglar i rettleiingar, verktøy og eksempelsamlingar, blir delar av næringslivet ståande utan eit likeverdig tilbod, seier Waagan.
Ho understrekar at vala som blir gjorde i oppstarten av slike satsingar, legg premiss for vidare utvikling.
Viser til språklova
Nynorsk bedriftsforum viser til at språklova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige, og at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk.
– Dersom KI Norge skal vere tufta på norske premissar, må desse prinsippa ligge til grunn frå starten. Det handlar både om lovkrav og om reell tilgang til offentlege tenester, seier Waagan.
Kan påverke konkurransen
Organisasjonen åtvarar mot at eit einsidig bokmålstilbod kan få konsekvensar for konkurransen i næringslivet.
– For mange verksemder er nynorsk det daglege arbeidsspråket. Dersom terskelen for å ta i bruk KI er høgare for desse, risikerer ein å svekke konkurransevilkåra deira, seier Waagan.
Nynorsk bedriftsforum forventar at KI Norge raskt etablerer eit likeverdig tilbod på nynorsk, og ber om svar på korleis dette skal bli sikra vidare.
– Skal vi lykkast med ei brei og ansvarleg KI-satsing, må ho vere relevant for heile næringslivet – på reelt norske premissar, seier Waagan.
Pressemelding frå Nynorsk bedriftsforum, 17. juni 2026
Les heile innspelet her: Innspelsbrev sendt 17. juni 2026