Gode signal frå KI Norge. Vi vil følgje utviklinga tett.
Nynorsk bedriftsforum har fått svar på innspela våre om manglande nynorsk i KI Norge. Det gir grunn til optimisme.
Direktør for KI Norge Hans Christian Holte lovar at dei første artiklane på nynorsk kjem om kort tid. Foto: Khan Le
Direktør for KI Norge Hans Christian Holte skriv til NRK at sidene framleis er under utvikling og at dei skal bli betre. Han lovar at dei første artiklane på nynorsk kjem om kort tid.
– Vi er glade for at dette blir teke tak i, og opplever at det er vilje til å gjere det betre, seier dagleg leiar Monika Haanes Waagan.
KI Noreg skal hjelpe norske verksemder med å ta i bruk kunstig intelligens på ein trygg og ansvarleg måte. Det er ei viktig satsing, og vi meiner ho kan bli svært nyttig for næringslivet i heile landet.
Samtidig vart nettstaden lansert berre på bokmål, noko vi dessverre kjenner alt for godt frå andre digitale tilbod og satsingar.
Monika Haanes Waagan etterlyser nynorskperspektivet i KI-satsinga. Foto: Nynorsk bedriftsforum
– Vi er dessverre vane med at nynorsk kjem inn litt for seint. Derfor er det viktig at KI Norge tek tak i dette no, seier Waagan.
For oss handlar dette om meir enn å få innhald på nynorsk. Det handlar om å sjå KI-utviklinga frå eit nynorsk perspektiv.
Situasjonen for mindretalsspråket er annleis enn fleirtalssituasjonen. Skal ein lykkast med ei nasjonal satsing, må ein forstå at utfordringane, og dermed løysingane, kanskje vil vere litt ulike for dei ulike brukarane.
– Nynorsk handlar ikkje berre om språk i artiklar. Det handlar om korleis løysingar blir utvikla, kva data som blir brukte, og kven dei faktisk skal fungere for, seier Waagan.
Nynorsk bedriftsforum har likevel tru på utviklinga vidare.
– Dette er eit godt utgangspunkt. No forventar vi at nynorsk blir ein naturleg del av arbeidet framover, og ikkje berre noko som kjem som eit minimumstiltak i etterkant.
Nynorsk bedriftsforum vil følgje utviklinga tett, og gjerne bidra der vi kan.
– Vi deler gjerne innsikt og erfaring, slik at nynorskperspektivet kjem inn tidleg i arbeidet vidare, seier Waagan.
Skjermdump frå nrk.no
Skjermdump frå ki.norge.no