Alle tre nominerte til Årets Skip er bygde ved nynorskverft

Rem Pioneer, Windea Carnot, Nexans Electra

Vi gratulerer medlemsbedriftene våre Ulstein Verft og Myklebust Verft med nominasjonane til Årets Skip. Prisen blir delt ut av fagbladet Skipsrevyen.

Dei nominerte skipa er kabelleggingsskipet Nexans Electra, havvindserviceskipet Windea Carnot og energibyggingsfartøyet Rem Pioneer. Skipa er bygde ved høvesvis Ulstein Verft og Myklebust Verft, som begge er medlemmar i Nynorsk bedriftsforum.

I pressemeldinga frå Ulstein Group kan vi lese at årets jury løftar fram skip som kombinerer avansert teknologi, operative eigenskapar og løysingar som støttar den pågåande energiomstillinga.

For Nynorsk bedriftsforum er denne nominasjonen både gledeleg og inspirerande. Begge verfta er tydelege og trygge nynorskbrukarar i ein bransje med høgt tempo og hard konkurranse. Slik er dei også med på å sikre og utvikle nynorsk arbeidsspråk og fagterminologi for framtida.

Vi er svært glade for å ha Ulstein og Myklebust med på nynorsklaget, og feirar dei gjeve nominasjonane saman med dei.


Publisert 28. juni 2026


 
Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Forrige
Forrige

Skal Google avgjere språkvala til norske bedrifter?

Neste
Neste

Gode signal frå KI Norge. Vi vil følgje utviklinga tett.