Skal Google avgjere språkvala til norske bedrifter?

Det burde vere unødvendig å gi avkall på språkleg identitet for å konkurrere i den norske marknaden. 

Då straumselskapet Wattn nyleg fjerna nynorsk som språkval frå nettsidene og kundeappane sine, vart reaksjonane sterke. Det er forståeleg. Selskapet har heilt sidan oppstarten vore eit godt føredøme for korleis nynorsk kan brukast som ein naturleg del av ei moderne merkevare, og fekk i 2021 Nynorsk næringslivspris frå Noregs Mållag.

Men dersom vi berre diskuterer avgjerda til éi bedrift, overser vi eit langt større problem. Wattn-saka reiser eit ubehageleg spørsmål: Må norske bedrifter velje bort nynorsk for å bli synlege på nettet? Når slike språkskifte skjer i bedrifter med ein tydeleg nynorsk identitet, bør vi sjå utover den einskilde verksemda og spørje kva strukturar og rammevilkår som påverkar språkval i næringslivet.

Ein konkurransefaktor

Nynorsk bedriftsforum erfarer at nynorsk i seg sjølv oftare gir ein konkurransefordel enn ei ulempe, også for bedrifter som opererer nasjonalt. Å kommunisere på sitt eige språk gir identitet, truverd og eit tydeleg særpreg som gjer at bedrifter skil seg ut i mengda.

Samtidig peikar Wattn på digital synlegheit som ei utfordring. Dette er ei problemstilling Nynorsk bedriftsforum kjenner att frå samtalar med fleire medlemsbedrifter. Dei same forklaringane har gått att etter fleire kjende språkskifte i næringslivet dei siste åra, og mange av medlemsbedriftene våre rapporterer om den same opplevinga: Nynorsk innhald får svakare synlegheit i søkjemotorane enn tilsvarande innhald på bokmål.

Det finst truleg måtar å løyse slike utfordringar på, men det burde ikkje vere nødvendig med krunglete tekniske omvegar for å oppnå lik synlegheit på det norske nettet. Når dette skjer systematisk, og språkvalet ikkje lenger er eit kostnadsnøytralt val, er likeverdet mellom skriftspråka i realiteten borte.

Ein modigare politikk

Vi trur fleire bedrifter ville velje nynorsk om dei digitale konkurransevilkåra var like for nynorsk og bokmål. Spørsmålet vi må stille oss er: Dersom algoritmane verkar diskriminerande overfor nynorsk, kor lenge kan vi tillate det? Det er noko alvorleg feil dersom Google og andre internasjonale teknologiselskap får overstyre både språkbrukarane og språkpolitikken i Noreg. På dette området verkar språkpolitikken både viljelaus og tafatt.

På dette området verkar språkpolitikken både viljelaus og tafatt.

Regjeringa må ta grep, for dette er ingen umogleg kamp. I Wales og Irland har styresmaktene sett inn målretta tiltak for å styrkje mindretalsspråka, mellom anna gjennom støtteordningar og språktenester for næringslivet. I Catalonia har ein samla innsats frå næringsliv, styresmakter og språkorganisasjonar ført til endringar som gav katalansk større synlegheit i Google. Det same kan vere mogleg i Noreg, dersom viljen er der.

Vi treng ein modigare nynorskpolitikk for næringslivet, som står opp for nynorskbedriftene og stiller tydelege krav til internasjonale teknologiselskap. Vi kan ikkje godta digitale strukturar som skaper skeive konkurransevilkår mellom nynorsk og bokmål, eller som pressar bedrifter til å skifte språk.

Samtidig må styresmaktene innføre motiverande og kompenserande tiltak for bedrifter som brukar nynorsk. Språkvalet må vere kostnadsnøytralt og styrt av bedriftene sjølve, ikkje av algoritmane.

MONIKA HAANES WAAGAN
DAGLEG LEIAR I NYNORSK BEDRIFTSFORUM

Først publisert i Dag og Tid



Monika Haanes Waagan
dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum
Foto: Nynorsk bedriftsforum

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Neste
Neste

Alle tre nominerte til Årets Skip er bygde ved nynorskverft