På fem nettøkter får du det du treng for å bli tryggare på nynorsk og gjere nynorsk til ein naturleg og tydeleg del av bedriftsprofilen.
Kursperiode:
17. februar–17. mars 2026
5 digitale samlingar
Kurshaldar:
Jostein Avdem Fretland
Arrangør:
Nynorsk bedriftsforum
Prisar:
Medlemmar: 1 500 kr per deltakar
Andre: 3 000 kr per deltakar
Meld deg på kurset
Nynorsk for bedrifter
Ikkje medlem?
Meld inn bedrifta di no.
-
Kursinnhald:
Vi går mellom anna gjennom rettskriving, bruk av dialektelement og digitale hjelpemiddel – inkludert KI – og gir nyttige tips for å skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium.
Med små grupper på 8–12 deltakarar, korte oppgåver mellom øktene og konkret tilbakemelding får du raskt omsett læringa til eigen kvardag. Målet er at du skal bli trygg på språket ditt, og at bedrifta di får eit felles og godt språk, som både passar med forretningsmåla dykkar og er til glede for dei som les.
Temaoversikt*
Samling 1: Nynorsk i næringslivet
Samling 2: Rettskriving på 1-2-3
Samling 3: Fantastiske digitale hjelpemiddel!
Samling 4: Nynorsk og daglegspråket
Samling 5: Nå fram med språket
Datoar*
Tysdag 17. februar 2026
Tysdag 24. februar 2026
Tysdag 3. mars 2026
Tysdag 10. mars 2026
Tysdag 17. mars 2026
Påmelding:
Løpande – til kurset er fullteikna.* endringar kan kome
Jostein Avdem Fretland har halde nynorskkurs for tilsette i kommunar og fylkeskommunar i ei årrekke. I kurset Nynorsk for bedrifter har han tilpassa innhaldet til den språklege arbeidskvardagen i næringslivet. Kurset dekker alt frå rettskriving til bruk av kunstig intelligens og inneheld mange gode tips for å skrive klare, engasjerande tekstar for nett og sosiale medium.
Foto: Fretland & Fretland