Julehelsing
2025 går mot slutten og vi vil rette ein desembervarm takk til medlemmar, samarbeidspartnarar, støttespelarar og vener av Nynorsk bedriftsforum. Året som har gått har vore prega av høgare tempo, viktige prioriteringar og tydelege resultat – og ikkje minst: fellesskap rundt nynorsk næringsliv.
I løpet av året har Nynorsk bedriftsforum passert 50 små og store medlemsbedrifter. Medlemmane er grunnfjellet i organisasjonen vår, og føresetnaden for at vi kan vere eit tydeleg talerøyr for nynorsk næringsliv.
Samstundes gav tildelinga av spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet oss nye moglegheiter og auka handlekraft.
Arbeidet med å nytte midlane best mogleg kom raskt i gang hausten 2025, innanfor ei stram tidsramme. Allereie no ser vi konkrete og målbare resultat: ny grafisk profil, etablering av forskingssamarbeid med Universitetet i Bergen, gjennomføring av fleire språkarrangement – og oppstart av produksjonen av ein promofilm til bruk i informasjons- og rekrutteringsarbeidet vårt.
Parallelt har vi arbeidd målretta for å sikre langsiktig finansiering av drifta vår over statsbudsjettet. Sjølv om vi ikkje nådde heilt fram i haustens budsjettrundar, opplever vi brei støtte for arbeidet vi gjer.
Politikarar, styresmakter, akademia og resten av målrørsla verkar å sjå nytten av eit sterkt og synleg nynorsk næringsliv – noko som gir oss god grunn til å vere optimistiske.
Vi vil takke alle som har bidrege med tillit, samarbeid, framsnakking og påverknadskraft i året som har gått!
Med eit innhaldsrikt 2025 i ryggen ser vi fram til å ta fatt på nye utfordringar i 2026.
På vegner av Nynorsk bedriftsforum:
God jul og eit skikkeleg godt nytt år!
Monika Haanes Waagan
dagleg leiar
Nynorsk bedriftsforum
Foto og overstadig julemanipulasjon: MHW