Manglande nynorskstøtte på arbeidsplassen.no

Nynorsk bedriftsforum har motteke melding frå ei av medlemsbedriftene våre om at Nav sin opne digitale møteplass arbeidsplassen.no bryt med reglane i språklova.

Ikkje berre har arbeidsplassen.no 100 % av innhaldet sitt på bokmål. Den digitale sjølvbeteningsløysinga, der arbeidsgivarar skal kunne legge ut ledige stillingar gratis, manglar også ein nynorskversjon.

Den tekniske løysinga opererer med faste, systemstyrte overskrifter, med svært få unntak, og det er ikkje høve til å tilpasse eller skrive eigne titlar. Det er altså ikkje mogleg for bedrifter som ønskjer det å publisere stillingsutlysingar på nynorsk.

Medlemsbedrifta vår opplyser at dei valde å ikkje publisere stillingsutlysinga si på arbeidsplassen.no. Dette var eit direkte resultat av manglande språkval i systemet. Ei utlysing på bokmål ville ha svekka verksemda sitt språklege truverd.

Språklova § 14 om parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan er heilt tydeleg her:

"Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig."

Nynorsk bedriftsforum krev at Nav endrar systemet sitt omgåande. Nynorskbedrifter har rett til å bruke sitt eige språk når dei rekrutterer gjennom arbeidsplassen.no.


Sist oppdatert 08.09.25

 

Illustrasjon: Skjermdump frå arbeidsplassen.no/ mockup (Canva)

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Neste
Neste

Møt oss i Arendal!