Hudd er på nynorsk, og vi er på Hudd!

Ei etterlengta oppdatering

Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk bedriftsforum, er glad for at den nye språkversjonen no er på plass.

– Vi har verkeleg gleda oss til at Hudd skulle kome på nynorsk. Dette er eit naturleg og nødvendig steg for ei norsk plattform som vil bygge lokale fellesskap.

– Mange av medlemmene våre, og fleire andre verksemder, har etterspurt ein nynorskversjon lenge, og vi vil gjerne takke Hudd for at dei har lytta og teke dette ønsket på alvor, seier Waagan.

Nynorsk bedriftsforum har sjølv venta med å ta plattforma i bruk, men allereie på lanseringsdagen var profilen offentleg.

At Hudd no har nynorsk språkval, både for privatbrukarar og bedriftsprofilar, gjer plattforma meir relevant og meir tilgjengeleg for alle.

Nynorsk bedriftsforum oppmodar no alle nynorskbedrifter om å sjekke ut plattforma, sjølvsagt skru på “nynorsk” og vurdere om Hudd kan vere ein god stad å bygge nettverk.

Hudd håpar at nynorskbedriftene blir med

Då Hudd lanserte den etterlengta nynorskversjonen av plattforma i slutten av februar i år, passerte dei samstundes 1 000 lokale bedrifter, frivillige foreiningar og idrettslag på Hudd. Totalt nærmar den norske plattforma seg no 200 000 brukarar.

– Dette viser at mange ønsker eit alternativ der ein faktisk når ut til folk i sitt eige lokalsamfunn, utan å konkurrere med Temu-annonsar og algoritmestyrt støy på Facebook, seier Ken Moon-At, ansvarleg for bedriftskundar i Hudd.

Med nynorsklanseringa håpar Hudd at nynorskbedriftene vil bli med, ta plass og bruke Hudd aktivt i sine lokalmiljø.

Språk og verdiar

Moon-At forklarer at denne språkoppdateringa er viktig for Hudd, fordi plattforma skal vere ei reell norsk plattform som representerer heile landet. Dette inneber også å ta språkmangfaldet på alvor. Han peikar på at nynorsk er ein naturleg del av norsk næringsliv, frivilligheit og lokalsamfunn, og at ei plattform som vil styrke lokale relasjonar og engasjement må byggast på brukaren sine premissar, også språkleg.

– For oss handlar dette om verdiar som nærleik, inkludering og respekt, seier Moon-At.

Nynorskbrukarane – ei stor og viktig gruppe

Community Manager i Hudd, Vilde Høknes, som har koordinert omsettingsarbeidet, fortel at lanseringa er resultatet av eit stort og grundig arbeid.

– Eg vil gjerne få rose Jarleif Vågen frå Jæren Mållag, som har stått for rundt 80 prosent av omsettingane. Han har verkeleg stått på og engasjert seg i prosjektet. Dei siste 20 prosenta er mine, så tilbakemeldingar om feil tar eg imot med opne armar, seier Høknes.

Ho peikar på at nynorskbrukarane er ei stor og viktig gruppe.

– Det er rundt 600 000 i Noreg som bruker nynorsk. Som ein lokalapp utvikla og designa i Noreg, kan vi ikkje oversjå dette.

Forankra i røynda – omtrent som oss

Jarleif Vågen seier at dei som jobbar med plattforma har vore positive heilt frå starten.

– Det er ikkje berre fort gjort å omsette heile Hudd til nynorsk, men med godt samarbeid vart det eit fint resultat, seier han.

Vågen meiner at Hudd er eit kjærkome alternativ i ei tid med låg tillit til algoritmestyrte sosiale medium.

– Det er stas med eit friskt pust frå Hudd, med berre ekte brukarar og ingen falske profilar. Plattforma kjennest forankra i røynda, omtrent som oss målfolk, seier Vågen.

Start enkelt – be om hjelp

Moon-At oppmodar verksemder og organisasjonar som er nye på Hudd om å starte heilt enkelt.

Start med å opprette ein bedrifts- eller organisasjonskonto, presentere kven de er, og deretter invitere kundar, medlemmar eller samarbeidspartnarar via invitasjonslenka som ligg på profilen.

Det enkle rådet er å kome i gang, teste ut moglegheitene og bygge eit nærvær der relasjonane betyr meir enn algoritmane.

Ta kontakt med ken@hudd.no for å få hjelp med å opprette ein bedriftsprofil.


Publisert 3. mars 2026


 

Monika Haanes Waagan er glad for at Hudd er på nynorsk. Foto: Kristianne Marøy / Mockup med skjermdump frå Hudd-appen

Portrett av Ken Moon-At

Ken Moon-At, ansvarleg for bedriftskundar i Hudd. Foto: Hudd

Jarleif Vågen. Foto: Jæren Mållag

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Neste
Neste

Manglande nynorskstøtte på arbeidsplassen.no