Vipps og BankID fekk prisen Årets nynorskbrukar 2025

Foto: Maria Fet / Nynorsk kultursentrum

Vipps MobilePay AS og Stø AS (BankID) fekk utdelt prisen Årets nynorskbrukar 2025 under opninga av Festspela i Aasentunet 12. juni.

– Årets prisvinnarar har gjort ein viktig del av den digitale infrastrukturen vi alle bruker kvar dag tilgjengeleg på nynorsk. Det er eit stort steg for språkleg likestilling i det digitale domenet, sa styremedlem Vidar Lund som delte ut prisen frå utescena i Aasentunet.

Prisen vert delt ut av styret i Nynorsk kultursentrum til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstraordinær innsats for nynorsken.

Les meir om prisutdelinga på nynorsk.no.

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Forrige
Forrige

SpareBank 1 Sogn og Fjordane har fått Nynorsk næringslivspris

Neste
Neste

Jublar over støtte