SpareBank 1 Sogn og Fjordane har fått Nynorsk næringslivspris
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er tildelt Nynorsk næringslivspris for å halde på nynorsk som forretningsspråk etter at banken gjekk inn i Sparebank1-alliansen i 2024.
Frå venstre: Inger Marie Lien, nettsideredaktør, Trond Teigene, adm.dir i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og Johanne Viken Sandnes, kommunikasjonsdirektør.
– Då banken gjekk inn i Sparebank1-alliansen, insisterte dei på å halde på nynorsken og den nynorske bankidentiteten, og det er ikkje mindre enn imponerande, seier Monika Haanes Waagan, juryleiar for Nynorsk næringslivspris.
– Banken har gjort eit formidabelt arbeid for å få til overgangen på nynorsk. Dei har gjort mykje ekstra arbeid som ingen har gjort før dei. Dermed har dei, med stor omsorg for språket, sytt for at det framleis er akkurat like lett å vere nynorsk bankkunde.
På grunn av SpareBank1 Sogn og Fjordane kan no 1 million bankkundar i Noreg bruke nynorsk i bank-appen til SpareBank 1-alliansen.
– Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane er svært takksame for denne prisen, og set enormt stor pris på at Mållaget ser arbeidet vi har lagt ned for å få med oss nynorsken inn i SpareBank 1. Vi meiner nynorsk er ein del av identiteten vår og identiteten til lokalsamfunnet rundt oss, og det er derfor det var viktig for oss å ha språket vårt med. Mange i banken, og mange i alliansen, har lagt ned ein stor innsats for å få dette til, og eg vil nytte høvet til å takke dei for jobben dei la ned våren og hausten 2024. Prisen vi fekk i dag, gjev oss ein stor motivasjon for å fortsetje arbeidet med stadig å ha nynorskfana høgt, seier adm. direktør Trond Teigene i SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
“Prisen vi fekk i dag, gjev oss ein stor motivasjon for å fortsetje arbeidet med stadig å ha nynorskfana høgt.”