Tilbake til alle arrangementer

Næringslivsfrukost med Språkrådet

  • Skaparhuset 30 Sjøgata Ulsteinvik, Møre og Romsdal, 6065 Norway (kart)

Velkomen til frukostmøte med Språkrådet

Direktør i Språkrådet Åse Wetås kjem til Skaparhuset i Ulsteinvik for å snakke om kommunikasjon, språk og kunstig intelligens.

Program

08.15 Kaffien er klar!

08.30 Introduksjon v/Nynorsk bedriftsforum

08.45 Innlegg av Åse Wetås:

  • Språkrådet som samfunnsaktør og korleis næringslivet kan bruke tenestene deira.

  • Korleis tilpasse oss den auka turismen og samstundes ta vare på språkleg og lokal identitet.

  • KI og lokalt næringsliv. Kvifor vi treng generative språkmodellar på norsk, og har dette noko å seie for lokalt næringsliv?

  • Spørsmål og diskusjon – og litt meir kaffi.

Frukostmøtet er eit samarbeid mellom Nynorsk bedriftsforum og Ulstein næringsforum.

Monika Haanes Waagan i Nynorsk bedriftsforum vil leie programmet.

Arrangementet er gratis og ope for alle.

 
Neste
Neste
29. oktober

Språk til kaffien i Knarvik