Frå ord til handling

Handlingsplanen for norsk fagspråk i akademia er klar. Her er regjeringa sine tiltak for å styrke norsk fagspråk og hindre at norsk blir fortrengt av engelsk i akademia. 

 

Norsk språk i undervisning og læring

Utviklinga har gått i retning av at ein stadig større del av undervisninga går føre seg på engelsk. Regjeringa ønskjer å motverke dette ved å klargjere reglane på dette feltet i sitt framlegg til ny universitets- og høgskulelov.

Regjeringa ønsker også reglar som sikrar studentane nødvendig kompetanse i norsk fagspråk, mellom anna ved at denne blir teken inn i nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk og at studentane får rett til å skrive oppgåver på norsk.

Norskkompetansen til undervisarane

I handlingsplanen står det at det er gjort for lite for å sikre at dei internasjonalt rekrutterte undervisarane oppnår kompetansen dei treng for å delta i eit norskspråkleg arbeidsmiljø og til å undervise på norsk når stillinga inneber undervisningsoppgåver.

Kunnskapsdepartementet vil no fastsette føringar for dette i form av forskrifter.

Norsk språk i forsking og formidling

Handlingsplanen skildrar ei rekke tiltak for å sikre ein berekraftig norsk språkvitskap. Tiltaka handlar om å styrke det norske terminologiarbeidet, sikre gode digitale grunnlagsressursar, betre tilskotsordningane for tidsskrift og lærebøker, setje krav til formidling på norsk ved tildeling forskingsmidlar, justere finansieringssystemet for universitet og høgskular og gjere endringar i boklova.

Andre tiltak

Administrasjonsspråket ved universitet og høgskular er viktig, men engelsk blir stadig meir brukt, både internt og i utoverretta kommunikasjon. Det må presiserast at dette er statlege institusjonar, som også er omfatta av språklova.

Språkteknologi, som maskinomsetjing og stavekontroll, spelar ei stadig viktigare viktig rolle og må støtte både bokmål og nynorsk, og dessutan norske dialektar.

Det er behov for eit sterkt fagmiljø innan språkteknologi og tilgang til norske tekstar og tale for å utvikle god språkteknologi. Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket spelar ei sentral rolle i dette arbeidet.

Regjeringa vil følgje opp tiltaka i planen gjennom dialog med institusjonane. Departementet tek sikte på å setje i verk ei evaluering av arbeidet med norsk fagspråk ved universiteta og høgskulane i 2025.

Kjelde: regjeringen.no

Monika Haanes Waagan

Eg hjelper deg å skape den nye nettsida di, slik at du kan realisere forretningsideen din, kome i gang med å skaffe kundar og tene pengar til bedrifta di. Eg kan anten bygge nettsida for deg eller lære deg korleis du bygger di eiga draumenettside i Squarespace.

https://www.akka-as.no
Forrige
Forrige

Bedriftsforumet med i “Nynorskfylket Vestland”

Neste
Neste

Skal det vere ein teaterstol?