Eit landsdekkande

kontaktnett av og for

nynorskbedrifter

Aktuelle saker

Finn fleire

Formålet vårt

Vi skal fremje interessene til nynorskbedriftene og tale deira sak i språkpolitiske spørsmål.

Vi skal vere eit nettverk for samarbeid, erfaringsutveksling og kunnskapsdeling.

Vi skal profilere nynorskbedrifter og bedrifter som tilbyr produkt og tenester på nynorsk.

Medlemskap
i Nynorsk bedriftsforum

  • Bedrifter som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium, kan få medlemskap i Nynorsk bedriftsforum:

    • Marknadsføring, heimesider og anna profilering på norsk er i hovudsak på nynorsk.

    • Intern og ekstern kommunikasjon på norsk er i hovudsak på nynorsk.

    • Registrert i offentlege register med nynorsk som språk.

    • Leverer likeverdige nynorskversjonar av produkt og tenester.

    • Har ei målsetting om å auke nynorskbruken.

  • Kontingenten for 2023 var sett til 3 000 kroner per år per bedrift. Ny kontingent for 2024 blir vedteken av årsmøtet 30. april 2024.

  • Sjølv om nynorsk er eit språk som i seg sjølv er godt eigna som bedriftsspråk, er det i dag dessverre ikkje like enkelt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift i Noreg.

    Som nynorskbedrift er ein ofte i mindretal, både innanfor sin bransje og sitt geografiske område. Derfor samlar vi no nynorskbedriftene til eit nyttig og solid kontaktnett.

    🔷 Synest du det bør vere like enkelt og sjølvsagt å vere nynorskbedrift som bokmålsbedrift?

    🔷 Vil du dele erfaringar, lære av andre og bygge nettverk med nynorskbedrifter i heile landet?

    🔷 Saknar du eit felles talerør som kan tale nynorskbedriftene si sak overfor leverandørar og styresmakter?

    🔷 Tilbyr bedrifta di produkt eller tenester som gjer kvardagen enklare for nynorskbedrifter og nynorskbrukarar?

    Då bør du melde bedrifta di inn i Nynorsk bedriftsforum.

    Alle medlemsbedriftene får tilbod om å presentere seg på nettsidene med tekst, bilde og linkar til eiga nettside, produktsider eller andre aktuelle ressursar. Les meir her.

  • Vi vil gjerne at du registrerer bedrifta di med rett næringsgruppe, då dette etterkvart kan vere nyttig for medlemsstatistikken vår.

    Vi brukar dei same næringsgruppene som SSB brukar i sine statistikkar.

    Slik finn du rett næringsgruppe for bedrifta di.